Finans

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg, november 2009 Auke i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,4 prosent fr? oktober til november i ?r. Auke i pris p? elektrisitet, drivstoff og matvarer medverka mest til oppgangen, medan reduserte flyprisar drog i motsett retning.
HKPI for Noreg var 110,1 (2005=100) i november 2009 mot 108,0 i same m?nad ?ret f?r. Dette svarer til ein tolvm?nadersvekst for november p? 1,9 prosent, som er ein oppgang p? 1,1 prosentpoeng fr? oktober.
Sj? konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EU, E?S og euroomr?det
F?rebelse tal for oktober 2009 viser at HKPI for EU og E?S var 109,9, medan HKPI for euroomr?det var 108,4. Tolvm?nadersveksten i HKPI i oktober var 0,5 prosent for EU og E?S, og -0,1 prosent i euroomr?det. I euroomr?det er tolvm?nadersveksten for november 2009 p? f?rehand estimert til 0,6 prosent.
Detaljerte tal for oktober blir publisert p? Eurostat sine heimesider 16. desember.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
Tabell;http://www.ssb.no/hkpi/

Similar Posts